Etter forrige blogginlegg har eg vert så heldig å få flotte kommentarar frå to ulike hold. Og når eg seier flotte kommentarar, meinar eg ikkje bare dei positive “stjerne”- kommentarane, men også “ønske”-kommentarane. Det er sjølvsagt utruleg kjekt å få tilbakemeldingar frå folk der dei påpeikar positive poeng frå teksten og gode kvalitetar reint skrivemessig. Men det er også gøy og veldig utfordrane når “ønske”-kommentarane frå begge hold er konstruktive og delvis tar for seg same emne. Det gjer deg ein bekreftande peikepinn kva du kan og gjerne bør utbedra. Denne måten å få tilbakemeldingar på, er for meg både effektivt og oppmuntrande. Dette er fordi eg sit igjen med ein god følelse etter dei positive kommentarane og eit ønske om å forbedra teksten for å tilfredstilla både meg sjølv og lesarane.
For å svara på desse tilbakemeldingane, vil eg gjerne retta fokus på nettopp “to stjerner og eit ønske”-metoden. Sjølv om det burde ha vert sjølvsagt, er det ikkje alle lærarar som er like flink til å poengtera dei positive sidene og kvalitetane hos elevane, men fokuserer kun på det negative. Dette kan vera med og bidra til dårlegare relasjon mellom lærar og elev, for det er ikkje alltid like enkelt, særleg ikkje for elevar/barn, å skilja sak og person. Det er heller ikkje alltid lett som lærar å finna fleire positive element å kommentera, før fokuset skal rettast mot forbedringspotensialet. Eg har personleg som mål å følgja denne metoden og brukar han bevist i mi undervisning. Eg meinar sjølv at dette har vert til hjelp i mitt arbeid mot dei gode relasjonane. For på same måte som det er kjekt for meg med denne metoden kan det jo også treffa elevane.
Ein annan konkret ting eg brukar å gjere, i engelskundervisning, er å sjølv gjennomføra ein personleg “minitalk” framfor klassen i forkant av deira ein-til-ein samtale med meg. Kvart år pleiar eg å utføra ein “minitalk” med kvar og ein av elevane for å kunna styrka ein munnleg karakter. På denne munnlege prøven lar eg elevane først og fremst få velgja eit eige tema (ofte hobby eller idol) som dei skal presentera. Det betyr at eg får sjangsen til å få eit innblikk i elevane si fritid og intresser, mens eg samstundes får vist at eg engasjerer meg og brukar tid på å setje meg inn i deira verden. På denne måten får eg byggd opp gode eller bedre relasjonar til mine elevar. Det er også ein del av samtalen som ikkje skal vera forberedt på forhand. Då spør eg ut elevane om eigen familie, hobbyar og fritid. Dei kan sjølvsagt velgja å ikkje svara eller dikta om dei føler det vert for personleg. Men for å ufarleggjera denne sekvensen lar eg elevane ha ein ope utspørjing av meg i plenum, kor dei sjølvsagt må halda seg til tema. Dette har eg positiv erfaring med og eg likar at samstundes som det bidrar til bedre relasjonar med kvar enkelt, aukar dette også det gode og avslappa miljøet i klassen.
Etter å ha skrevet både første og no andre innlegget på bloggen min, ser eg at det er vanskeleg å rekkja over det du ønskjer å formidla. Særleg når du er bunden til å halda deg til ein viss mengde ord. Men det har vert ein artig prosess der eg har blitt meir bevisst på min eigen posisjon som lærar og dei relasjonane eg har med mine elevar. I tillegg har eg også lært mykje nyttig frå andre bloggarar om det å skapa gode lærar og elev relasjonar.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar