mandag 31. januar 2011

Mappeoppgåve 2

Etter forrige blogginlegg har eg vert så heldig å få flotte kommentarar frå to ulike hold. Og når eg seier flotte kommentarar, meinar eg ikkje bare dei positive “stjerne”- kommentarane, men også “ønske”-kommentarane. Det er sjølvsagt utruleg kjekt å få tilbakemeldingar frå folk der dei påpeikar positive poeng frå teksten og gode kvalitetar reint skrivemessig. Men det er også gøy og veldig utfordrane når “ønske”-kommentarane frå begge hold er konstruktive og delvis tar for seg same emne. Det gjer deg ein bekreftande peikepinn kva du kan og gjerne bør utbedra. Denne måten å få tilbakemeldingar på, er for meg både effektivt og oppmuntrande. Dette er fordi eg sit igjen med ein god følelse etter dei positive kommentarane og eit ønske om å forbedra teksten for å tilfredstilla både meg sjølv og lesarane.

For å svara på desse tilbakemeldingane, vil eg gjerne retta fokus på nettopp “to stjerner og eit ønske”-metoden. Sjølv om det burde ha vert sjølvsagt, er det ikkje alle lærarar som er like flink til å poengtera dei positive sidene og kvalitetane hos elevane, men fokuserer kun på det negative. Dette kan vera med og bidra til dårlegare relasjon mellom lærar og elev, for det er ikkje alltid like enkelt, særleg ikkje for elevar/barn, å skilja sak og person. Det er heller ikkje alltid lett som lærar å finna fleire positive element å kommentera, før fokuset skal rettast mot forbedringspotensialet. Eg har personleg som mål å følgja denne metoden og brukar han bevist i mi undervisning. Eg meinar sjølv at dette har vert til hjelp i mitt arbeid mot dei gode relasjonane. For på same måte som det er kjekt for meg med denne metoden kan det jo også treffa elevane.

Ein annan konkret ting eg brukar å gjere, i engelskundervisning, er å sjølv gjennomføra ein personleg “minitalk” framfor klassen i forkant av deira ein-til-ein samtale med meg. Kvart år pleiar eg å utføra ein “minitalk” med kvar og ein av elevane for å kunna styrka ein munnleg karakter. På denne munnlege prøven lar eg elevane først og fremst få velgja eit eige tema (ofte hobby eller idol) som dei skal presentera. Det betyr at eg får sjangsen til å få eit innblikk i elevane si fritid og intresser, mens eg samstundes får vist at eg engasjerer meg og brukar tid på å setje meg inn i deira verden. På denne måten får eg byggd opp gode eller bedre relasjonar til mine elevar. Det er også ein del av samtalen som ikkje skal vera forberedt på forhand. Då spør eg ut elevane om eigen familie, hobbyar og fritid. Dei kan sjølvsagt velgja å ikkje svara eller dikta om dei føler det vert for personleg. Men for å ufarleggjera denne sekvensen lar eg elevane ha ein ope utspørjing av meg i plenum, kor dei sjølvsagt må halda seg til tema. Dette har eg positiv erfaring med og eg likar at samstundes som det bidrar til bedre relasjonar med kvar enkelt, aukar dette også det gode og avslappa miljøet i klassen.

Etter å ha skrevet både første og no andre innlegget på bloggen min, ser eg at det er vanskeleg å rekkja over det du ønskjer å formidla. Særleg når du er bunden til å halda deg til ein viss mengde ord. Men det har vert ein artig prosess der eg har blitt meir bevisst på min eigen posisjon som lærar og dei relasjonane eg har med mine elevar. I tillegg har eg også lært mykje nyttig frå andre bloggarar om det å skapa gode lærar og elev relasjonar.

onsdag 26. januar 2011

Mine tankar om relasjonar mellom lærar og elev.

Det har seg slik her i livet at alle menneske i sin kvardag og i sitt møte med andre menneske vil bli “utsett” for ulike typar av relasjonar. Desse relasjonane er svært ulike, i form av at dei er meir eller mindre viktige. Når ein til dømes går ut for å handle daglegvarer i ein Rema 1000 butikk vil du ha ein slags relasjon til eller med personen som sit i kassa og ekspederer. Enkelt forklart kan ein sei at ein relasjon mellom menneske kan bety det same som forholdet mellom menneske. Altså den forbindinga som finn stad mellom to eller fleire menneske, som til dømes ein butikkansett og ein kunde. Dette sistnemnte forholdet er nok ikkje særs viktig for folk flest, men vil gjerne påverke korleis du til sjuande og sist opplever turen ut for å handle matvarer. Ein meir viktig relasjon kan for mange gjerne vera den ein har til, til dømes, legen sin, arbeidsgjevaren sin eller det mellom lærar og elev. Dette er alle forhold mellom menneske som eg meiner bør byggjast ut i frå tillit. Det er også forhold som bør vera av ein god art for at alle partar skal kunna utvikla seg i ei positiv retning.


Det er kjent at relasjonar, anten dei er gode eller dårlege vil påverke elevar sin kvardag på skulen, samt deira motivasjon og innsats. Eit viktig element å ta høgde for når ein snakkar om relasjonar, og kanskje særleg det mellom lærar og elev, er korleis den enkelte person oppfattar og tenkjer om den andre delen av relasjonen. Enklare forklart, spørsmålet om personane i ein relasjon likestillar seg eller om det er eit hierarkisk forhold, der ein av partane blir tillagt meir “makt” enn den andre. I relasjonen mellom lærar og elev er det mest vanleg at at forholdet ikkje er likestilt, men at læraren er den som sit med mest makt. Slik synast eg også at det bør vere. For “makt” treng ikkje likestillast med noko negativt. Sjølvsagt er læraren den som sit med sanksjonsmaktg vurderingsmakt, men viktigast er det kanskje at han eller ho sit med ei stor språk og kunnskapsmakt og forhåpentlegvis høge pedagogiske evner slik at han eller ho kan berika elevane sine ved å læra elevane sine godt og mykje. Og denne makta læraren har bør for all del ikkje sjåast på av den enkelte lærar som eit middel til å kunne tvinga kunnskap på elevane. Men læraren bør behandla elevane sin med respekt og sjå på “makta” som noko som gjer det mogeleg til å få dela kunnskapen sin og utdanna “dei unge og håpefulle”.


Ifølge utdanningsdirektoratet er det læraren som har ansvar for å etablera gode relasjonar til elevane. Og som lærar er det mykje som kan gjerast for å skapa gode relasjonar til elevane sine. Ein bør til dømes visa elevane forståing, tillit og ikkje minst respekt. Det er også viktig å leggja til rette for ein god kommunikasjon der ein er open for og både gje av seg sjølv mens ein samstundes klarar å anerkjenna og sjå elevane sine og deira interesser og å lytte til dei. Godt humør og mykje ros kan også vera ein viktig faktor for gode relasjonar. Meir konkrete døme kan vera å ta seg tid til å handhelsa på kvar og ein elev kvar dag, for å sikra deg at du har “sett” kvar og ein av dei. Eller du kan, som eit anna døme, prøva å finna ut av kva den enkelte av elevane interesserer seg for og setja av tid til “bli kjent dialog” på tomannshand der du visar ditt engasjement og samstundes gjer av deg sjølv i form av å dela egne erfaringar og interesser.


Men ein ting er å sei at i teorien er det slik bør det vera, og at på denne måten får ein dei gode relasjonane som gjer fine forhold mellom lærar og elev. Ein annan ting er korleis dette faktisk blir i praksis. Det er faktisk ikkje alle menneske som saman har, eller nokon gang vil klare å få, ein god kjemi. Med dette meiner eg at nokon gangar er det slik at “like barn leker best”. Det er ikkje alltid slik at, sjølv om ein prøvar å engasjere seg i den andre parten så godt som ein bare klarar, kjem til å lika kvarandre, kommunisera godt og utvikla ein fruktbar relasjon. Som sjølvstendig og voksen har eg til dømes bytta fastlege då eg følte vi ikkje hadde nokon god kjemi og at eg ikkje blei forstått slik eg ville. Men det er ikkje dermed slik at eg meiner at den tidlegare legen min ikkje er noko god lege. Vi kom ikkje så godt overeins og eg skifta derfor til ei eg trivs betre med. Om ein ikkje klarar å få til ein god relasjon med arbeidsgjevaren sin vil ein kanskje tenkje på å skifte jobb. Dette er derimot ikkje like lett som elev eller lærar ved ein skule. Særleg som elev må du “ta til takke” med den læraren du får. Om kjemien stemmar eller ikkje er ikkje gitt på forhand. Men dei fleste elevar vil som regel måtta godta å ha den same læraren i fleire år kanskje. At det i eit slikt tilfelle skal vera læraren sitt ansvar aleine å få ein god relasjon, meiner eg somme gangar kan vera for mykje forlangt.


Gode relasjonar er essensielt med tanke på elevane sin skulekvardag og dermed utvikling, trivsel og læringsutbytte. Sjølvsagt skal det vera læraren som legg grunnlaget for gode relasjonar med sine elevar. Men at dei eine og aleine står ansvarleg for korleis ein elev gjer det på skulen er for meg ikkje riktig. Relasjon er i mine auge ein tovegs kommunikasjon der begge partar må yte i beste evne for at det skal vera ein bra flyt. Så lenge læraren gjer sitt for å oppnå den optimale relasjonen mellom seg og eleven, følgjer råd og retningslinjer for god kommunikasjon- og relasjonsbygging, vil han eller ho sjølv ha på samvitet om det er tilstrekkelig slik at eleven får det han eller ho treng og har krav på. Men at elevane må imøtekomma lærarane, særleg dei eldste elevane, meiner eg du også må kunna leggja til grunn for at den gode relasjonen skal finna stad.