torsdag 22. april 2010

IKT i skulen!?

Ja, så var det det då..
Sjølvsagt må skulen som alle andre arenaer vera oppdatert innenfor det IKT, men det er ikkje alltid sjølve bruken av IKT i skulen virker i tråd med sin hensikt. Mykje tid går bort til surfing på nettet, gaming og chatting. Og dette er ETTER at ein har brukt bort i mot 20 min. av timen til å få alle elevane oppkobla, på nett osv. Så må ein bruka 10 min på slutten av økta for å rydda sammen heile merakkelet! Det er også fortvilande at etter ei god arbeidsøkt må ein gjerne venta halvanna veke for å få tilgang til pc'ane igjen grunna mangel på utstyr.
Men ein må jo ikkje gløyma alle dei positive sidene med IKT då;
................ Neida, det er bra at elevane får sjangsen til å henga med på utviklingen i samfunnet (som om dei ikkje gjer dette heime..) det kan vera med å letta arbeidet for læraren med tanke på retting ol. (utydeleg handskrift) og at ein kan gå inn å observera arbeidsmetodar (når dei jobbar) hos elevane og gjerne fanga opp kor eleven treng veiledning, samt mykje anna eg ikkje kjem på no...
Uansett er IKT komme for å bli, men det vil jo variera frå fag til fag kor mykje det strengt tatt er nødvendig å benytta seg av IKT.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar